Aktivitetar
Livet på Bjørketeigen Gard er prega av mange aktivitetar heile året: vintermarknad, lokale pubkveldar, bakekurs, konsertar, og m.m.
Ynskjer du å få ei ekte tradisjonsrik matoppleving?
Eller, kombinera god mat med
ein tur opp til Steinsdalsfossen?
Sjå oppdatert aktivitetsliste med arrangement på Facebook!


Bakekurs
Lær deg å baka deilige, sprø Bjørketeigen
Gard flatbrød, potekaker, lefser eller krotakaker.
Bakekurset passar for alle som elskar å baka
og ynskjer å læra norsk mattradisjon.
Bjørketeigen Gard står for alt utstyr og ingrediensane som trengs,
og du får sjølvsagt ta med kakene du har baka heim.
Bakekurset er ei flott gåve til den som har alt,
eller den som ynskjer å læra seg noko nytt.
Kurset går over ein dag. Bakekurset pris 600 kr,-
Tur til Steinsdalsfossen
Bjørketeigen Gard ligg ved riksveg 7 på Mo i Steinsdalen,
om lag 200 m frå parkeringsplassen til Steinsdalsfossen.
Du kan nyta utsikta frå røykstova eller kombinera god mat med ein tur.
Frå parkeringsplassen går det sti heilt opp under fossen.
Dette er ein fin liten spasertur i lett terreng.
Ein av Noregs mest besøkte fossar har eit fall på 50 m og
er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verta våt.
Steinsdalsfossen er på sitt største og flottaste
i mai-juni under snøsmeltinga.


Bondepub på Bjørketeigen gard
Sjå oppdatert aktivitetsliste med arrangement på Facebook!
Kontakt oss for informasjon!
Marknader på Bjørketeigen
Sjå oppdatert aktivitetsliste med arrangement på Facebook!
Kontakt oss for informasjon!

Besøk oss
Stensdalsvegen 177,
5600 Norheimsun
Ring oss
Telefon
(+47) 481 33 422