Bjørketeigen gard

Selskapslokale

Bjørketeigen gard stove

Røykstova

Kapasitet: ca. 20-30 gjester

Bjørketeigen Gard sitt selskapslokale er ei 300 år gamal, nyrestaurert røykstove, eit par hundre meter frå Steinsdalsfossen i Norheimsund. Lokalet kan leigast til små og store arrangement, samkomer eller kurs. Til dømes ved høve som dåp, konfirmasjon, bryllaup, gravferd, møte, sommarfest, bursdagsfeiring, julebord. Røykstova er del av eit gamalt gardstun med våningshus, låve og stabbur, og er dekorert med gamle ting frå garden.

Mat/catering

Mat/catering kan formidlast gjennom Bjørketeigen Gard.  Me tilbyd leige av lokale både med og utan servering. Alt frå enkel lunsj til stor middag. Mat/catering kan bestillast lokalt eller via Botnen Gjestetun eller Kafé Krus. Drikkevarer med og utan alkohol kan bestillast direkte på huset. Bjørketeigen Gard fører eit breitt utval, og kan blant anna tilby eplemost frå eplemostspesialisten Spildegarden.  I røykstova er det også ein triveleg kafé der du m.a. kan nyta heimelaga tradisjonsbakst som lefser og potekaker. 

Bestilling/Pris

Du kan bestilla røykstova til ditt arrangement
telefon 481 33 422, via Facebook Messenger eller kontaktskjemaet på nett. Ta kontakt angående pris både for utleige og angående mat. 

 Røykstova på Bjørketeigen Gard er den brune bygninga bak bustadhuset.

«Det handlar om å møta menneske, by på seg sjølv og gje dei ei oppleving.»

Annelise Boye