Bjørketeigen gard logo

Om oss

Røykstova på Bjørketeigen Gard i Steinsdalen

Den 300 år gamle røykstova på Bjørketeigen Gard opna for gjester i 2016. Annelise Boye og familien har budd på garden sidan 2001. Dei har sidan den gong restaurert den gamle røykstova, og teke ho med inn i ein ny tidsalder. Den originale utforminga av bygget har dei vore nøye med å ivareta, og tilbygget er også bygd i tilsvarande gamal stil. I røykstova kan ein få oppleva ei historisk atmosfære, finna ro og fred, eta heimelaga, tradisjonsrik mat og nyta utsikta til Steinsdalsfossen. Røykstova kan ein leiga til barnedåp og konfirmasjon, sommarfest og julebord. Bjørketeigen Gard arrangerer også forskjellige aktivitetar, som til dømes pubkveldar, marknad og bakekurs.

Bjørketeigen gard
bjorketeigen gard kafe

Eline Sandnes Fosse, Hordaland Folkeblad  Nr. 54, 2016 avisartikkel  "Tradisjonsrik ro på Bjørketeigen"

"Eit par hundre meter frå Steinsdalsfossen, eit steinkast frå fylkesveg 7, er tida skrudd fleire hakk tilbake. I røykstova på Bjørketeigen kan ein nyta roa i dei gamle omgjevnadane og den tradisjonelle baksten til Annelise Boye."  Les meir
Heima logo

Katrine Helgheim, Magasinet "Heima"  Nr. 2, 2017, side 56-57 artikkel "Ny arbeidsplass i gammal stove"

"For tre hundre år sidan budde folk i røykstova i Steinsdalen. No inviterer Annelise Boye gjester frå fjern og nær til selskap i stova på den tradisjonsrike garden Bjørketeigen. "  Les meir(Dette er ein artikkel for HF abonnentane)
"Eg ynskjer å ta den gamle røykstova med inn i ein ny tidsalder."

Annelise Boye 

Røtene til røykstova

Røtene til røykstova på Bjørketeigen går langt tilbake. For 300 år sidan vart bygget brukt som bustadhus med ei stor, open gruve i midten. På garden har Annelise Boye funne fleire gjenstandar frå desse tidene. Mange av dei kan ein i dag sjå på veggane i røykstova. Garden hadde også ei viktig rolle under andre verdskrig. Sjur Mo var eit av offera på Fossen Bratte og kom frå Bjørketeigen.

1882 røykstova vart flytta frå eit klyngetun i Steinsdalen. 2001 Annelise Boye og ektemannen Johnny Rosseland kjøpte garden Bjørketeigen på Mo i Steinsdalen. 2014 Bjørketeigen Gard fekk støtte frå Innovasjon Noreg og SMIL-midlar (spesielle miljøtiltak i jordbruket). 2016 røykstova vart nyrestaurert og eit nytt hus vart bygd utanpå den gamle røykstova, saman med ei forlenging med kjøkken. Den nye delen er bygd i gamal stil, likast mogleg det originale. Laurdag 23 juli 2016 Annelise Boye opna røykstova for både kafé- og selskapsgjester.

Gamle bilete galleri frå garden

Gamle bilete av folk som budde på garden før Annelise Boye kjøpte den.
Hallgeir var fødd i 1883, og var gift med Synneva. Saman hadde dei borna Anna, Kristi, Sjurd og Einar.

Følg oss

Kontakt oss via
Facebook Messenger

Skriv til oss

Send oss ein e-post
anneliseboye@gmail.com

Ring oss

Telefon
(+47) 481 33 422

Besøk oss

Stensdalsvegen 177,
5600 Norheimsund