Bjørketeigen gard logo

heimalaga

Flatbrød

Flatbrød

Flatbrød Dei tynne og velsmakande flatbrøda frå Bjørketeigen Gard kan brukast som tilbehøyr til all slags mat. Flatbrøda er baka med fint og grovt rugmjøl, litt kveitemjøl, salt og vatn. Til utbakinga er det brukt byggmjøl. Flatbrøda er steikt på takke. Pris kr. 30,- Kontakt oss for bestilling

Lefser

Lefser

Lefser Bjørketeigen Gard sine lefser er baka av mjøl, margarin, egg, mjølk og bakepulver. Deretter, steikt på takke. Lefsene er bløytt i vatn og smurde med samankokt fløyte, prim og sukker, før dei er pakka i plastfolie og frose ned. Pris kr 60,- Kontakt oss for bestilling

Krotakaker

Krotakaker

Krotakaker Bjørketeigen Gard sine krotakaker er laga av rugmjøl, gjær, salt, sukker, smelta margarin og vatn. Deigen må heva over natta, før den bakast ut med kveitemjøl til ganske tynne kaker. Kjevlast ei gong med krotakjevle til slutt før dei steikast på takke eller i baksteomn med orreved. Frå gamalt av baka dei opp mykje om våren …

Read moreKrotakaker