Bjørketeigen gard logo

Selskapslokale

Selskapslokale

Bjørketeigen Gard sitt selskapslokale er ei 300 år gamal, nyrestaurert røykstove, eit par hundre meter frå Steinsdalsfossen i Norheimsund. Lokalet kan leigast til små og store arrangement, samkomer eller kurs. Til dømes ved høve som dåp, konfirmasjon, bryllaup, gravferd, møte, sommarfest, bursdagsfeiring, julebord.
Røykstova er del av eit gamalt gardstun med våningshus, låve og stabbur, og er dekorert med gamle ting frå garden. Ta kontakt angående pris både for utleige og angående mat.
Selskapslokale kapasitet: ca. 20-30 gjester.

Bjørketeigen gard selskaplokal

Mat/catering

Mat/catering kan formidlast gjennom Bjørketeigen Gard.
Me tilbyd leige av lokale både med og utan servering. Alt frå enkel lunsj til stor middag. Mat/catering kan bestillast lokalt eller via Botnen Gjestetun eller Kafé Krus. Drikkevarer med og utan alkohol kan bestillast direkte på huset. Bjørketeigen Gard fører eit breitt utval, og kan blant anna tilby eplemost frå eplemostspesialisten Spildegarden. I røykstova er det også ein triveleg kafé der du m.a. kan nyta heimelaga tradisjonsbakst som lefser og potekaker.

Følg oss

Kontakt oss via
Facebook Messenger

Skriv til oss

Send oss ein e-post
anneliseboye@gmail.com

Ring oss

Telefon
(+47) 481 33 422

Besøk oss

Stensdalsvegen 177,
5600 Norheimsund