Tradisjonsbakst
Bjørketeigen Gard tek i mot bestillingar på heimelaga potekaker, krotakaker, lefser og flatbrød. Oppskriftene er tufta på kjærleik og gamal norsk mattradisjon, og bakast på same måte i dag. Me ynskjer at kvar enkelt kunde skal bli nøgd. Likar du meir eller mindre smør/sukker på lefser, eller har andre ynskje - gje oss beskjed!
Prøv de deilige, sprø Bjørketeigen
Gard flatbrød, potekaker, lefser eller krotakaker!
Potekaker
Bjørketeigen Gard sine potekaker er laga av kokte poteter, mjøl og litt salt. Kokte poteter er malne, og knadd med mjøl og litt salt. Emna vert så kjevla ut i tynne kaker som steikast på takke. Serverast med smør og sukker. Kan brukast til salt mat og lutefisk. Potekakene kan fint frysast.
Pris kr 35,- Kontakt oss for bestilling
Krotakaker
Bjørketeigen Gard sine krotakaker er laga av rugmjøl, gjær, salt, sukker, smelta margarin og vatn. Kan etast med smør og sukker eller saman med salt mat. Deigen må heva over natta, før den bakast ut med kveitemjøl til ganske tynne kaker. Kjevlast ei gong med krotakjevle til slutt før dei steikast på takke eller i baksteomn med orreved. Frå gamalt av baka dei opp mykje om våren for å ha ut over sommaren. Kakene blir harde og har lang haldbarheitstid. Dei bløytast i vatn og ligg og mjuknast før dei vert påsmurde. Kan etast med smør og sukker eller salt mat.
Pris kr 35,- Kontakt oss for bestilling
Lefser
Bjørketeigen Gard sine lefser er baka av mjøl, margarin, egg, mjølk og bakepulver. Smurd med samankokt fløyte, prim og sukker. Deretter, steikt på takke. Lefsene er bløytt i vatn og smurde med samankokt fløyte, prim og sukker, før dei er pakka i plastfolie og frose ned. Desse lefsene er søte og passar perfekt til kaffien.
Pris kr 70,- Kontakt oss for bestilling
Flatbrød
Dei tynne og velsmakande flatbrøda frå Bjørketeigen Gard kan brukast som tilbehøyr til all slags mat. Flatbrøda er baka med fint og grovt rugmjøl, litt kveitemjøl, salt og vatn. Til utbakinga er det brukt byggmjøl. Flatbrøda er steikt på takke.
Pris kr 35,- Kontakt oss for bestilling
“Eg har lært å laga potekaker, lefser og krotakaker av bestemora til mannen, Synneva Rosseland.
Eg hugsar framleis når ho stod klar med dei herlege potekakene når me kom frå floren.”
Annelise Boye
Følg oss
Kontakt oss via
Facebook Messenger
Skriv til oss
Send oss ein e-post
anneliseboye@gmail.com
Ring oss
Telefon
(+47) 481 33 422
Besøk oss
Stensdalsvegen 177,
5600 Norheimsund